Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10648

    Warberg, Thor: Anders Askevold - Vestlandsmålaren

    Ingen bilete
    warberg/ thor anders askevold   vestlandsmalaren
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Første samla framstillinga av Askevold og livsverket hans.
    alt07:
    KUNST OG HANDVERK
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    149,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Anders Askevold (1834-1900) er eit velkjent namn i norsk kunsthistorie. Dette er den første samla framstillinga av Askevold og livsverket hans. Han voks opp i Askvoll i Sunnfjord, kom til Bergen som 13-åring og til Düsseldorf som 21-åring, der han var elev av H.F. Gude. Seinare budde han i Paris, Bergen og Düsseldorf. Han var den fyrste store kunstnar frå Sogn og Fjordane, og den fyrste som reiste ut. Askevold henta alle motiva sine frå Vest­landet og tok med seg gjetarane, husdyra, naturen og det vestlandske kulturlandskapet inn i kunsten som ingen annan har gjort. Fjordlandskap og kyr var Askevolds spesialitetar. Heile livet heldt han fast på det nasjonalromantiske uttrykket han skapte seg etter at han kom til Düsseldorf. Askevold var svært produktiv og populær, og han er godt representert i dei viktigaste kunstmuséa og galleria her i landet, i tillegg til mange i utlandet.
     
    Denne boka inneheld ei verkliste på over 950 måleri, og er rikt illustrert med kring 90 kunstverk og over 70 foto og andre illustrasjonar.
     
    Innbunden, Selja Forlag 2013.
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?