Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    10513

    Berg, Kirsten Bråten: Stev for dagen -

    Ingen bilete
    berg/ kirsten braten stev for dagen
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Er du i beit for eit fyndord? Har du sakna ei stevsamling som ikkje berre er ei kjeldesamling der du må lesa gjennom ei mengd halvgode stev før du finn eit godt? Og så har du ikkje tonen?
    Lager:
    Ikkje på lager
    Pris NOK:
    299,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Her er boka med CD attåt. Dette er ei samling utsøkte stev. Flest nystev, men og nokre gamlestev, fritt fest til dagane i året. Merkjedagane i primstaven er med. Nokon stev refererer beint til ein dag og ei tid, medan dei fleste er berre til ettertanke for dagen i dag. Her ligg dei tett, dei gode steva. Ved å gje oss eit stev om dagen, kan ein smake på det og bruke dagen til å tyde både den konkrete bodskapen, men og alle dei hinta som ligg imellom linene i gode stev. Opphavskvinnene til dette prosjektet, Astri Rysstad og Kirsten Bråten Berg har stor kunnskap og kjærleik til dette stoffet. Dei er av den generasjonen som har teke stoffet ut av nærmiljøet og bruka han blant dei som ikkje allstøtt har vore like velkjende med denne diktartradisjonen. Dei lagar ikkje kuriositet av det, men syner korleis kunst er kunst over tid. Den menneskelege tanken og evnen til å gje oss opplevingar er den same no som før. Nye stev blir skapt heile tida, og Kirsten og Astri oppmodar til nyskaping. Me får både sjå og høyre kjelder som kunne sine ting. Kvar månad har sin kvedar, både i boka og på plata. På plata høyrer me flotte opptak av desse kjeldene, men med litt sus både frå mikrofon og anna bakgrunnsstøy. Men flesteparten av steva på CD er nyinnsungne av Kirsten. Sterkt og beint fram som berre ho kan. Om teksten kan vera noko utilgjengeleg for nokon, har ein boka med både teksten og ordforklaringar å stø seg til. Kari Rolfsen har portrettert utøverar i folkemusikkmiljøet i mange år. I denne produksjonen har ho teikna eit knippe kvedarar frå Setesdal som er med på plata. Portretta er levande og attkjennelege. I tilegg har ho andre illustrasjonar, nonfigurative og sprelske i fargane som ein kontrast til portretta i svart/kvitt. Illustrasjonane framhevar portretta. Ein svir for alle som likar eit stutt, poetisk og poengtert ord for dagen. No altså eit stev for dagen. Ei gåvebok, men fyrst og fremst ei bruksbok! Heilo 2007
    Video:
    4
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?