Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    4338

    Bremnes,Kari/Ola:Mit Navn er Petter Dass - CD

    Ingen bilete
    bremnes/kari/olamit navn er petter dass    cd
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    På «Mit Navn er Petter Dass» går Kari og Ola Bremnes saman for å setje tonar til og framføre tekstar, viser og dikt av teologen og diktaren Petter Dass.
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    180,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Dass, som gjennom mesteparten av sitt liv budde i Nordland, var Sogneprest i Alstahaug, og er mest kjend for salmen «Herre Gud! Dit Dyre Navn og Ære» og verket «Nordlands Trompet» som beskriv landsdelen. Kari og Ola Bremnes fremfører her ei rekke andre tekstar som «Visen om Harald og hans sønner», ei av dei mange historiene vi finn i «Den Nordiske Dalevise», den einaste teksten Petter Dass fekk på trykk medan han levde, den sjølvbiografiske «Petter Dass´ klagesang» og «Petters Jekteforlis», om ei av jektene hans som gjekk ned med gods og gull – eit fryktelig tap for skipperen på Alstahaug. Ola Bremnes har arbeida mykje med Petter Dass gjennom karriera, mellom anna i oppsetjinga «Vær hilset!» (1995) som har vore framført på ei rekke festivalar. Han fekk Spellemannprisen for året 2000 saman med Kari og bror Lars Bremnes i klassen viser og viserock for «Soløye». Kari Bremnes har gjennom ei lang karriere etablert seg som ein av Noregs viktigaste visesangarar og musikarar, og har gitt ut ei rekke album både åleine og i samarbeid med artistar som Lars Klevestrand, Ole Paus og Mari Boine, vunne fleire prisar og har ei omfattande turnéverksemd bak seg. Grappa 1997
    Video:
    4
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?