Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11893

    faSong - Evangeliesonettar

    Ingen bilete
    fasong   evangeliesonettar
    Ingen bilete
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    180,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Forfattar og teolog Hans Johan Sagrusten gjenfortel det bibelske evangeliet på ein vakker og tankevekkande måte i 12 utvalde sonettar. Vi får vere med på ei reise frå Jesu fødsel, gjennom gjerningane han gjorde, likningane han fortalde, menneska han møtte, lidingshistoria og til oppdagingar disiplane gjorde etter hans død og oppstode. Forfattaren byd på overraskande vinklingar som kan opne augene til dei mest bibelkyndige lesarane.

    Gaute Øvereng har laga melodiar som set teksten i sentrum og inneheld ein variasjon i uttrykket som formidlar bibelhistoriene i dvelande harmoniar, frå vàre salmemelodiar til eit meir jazzprega uttrykk. Dyktige musikarar gir dei 18 songarane i faSong stødig tonefølgje og løfter opplevinga med vakre instrumentalparti.

    CD-en er miksa av Alf Christian Hvidsteen og mastra av Henning Svoren i
    Ocean Sound Recordings.

    Songliste:
    1. Før og etter
    2. Han kjem til Jordanelva
    3. Ho rører ved han
    4. Han fortel
    5. Ho som kjem til brunnen
    6. Han som var for rik
    7. Han sit til bords
    8. Han som bed
    9. No kviler du
    10. Ho som gret i hagen
    11. Men kjende vi deg
    12. Han som må svara
    13. Du var så annleis
    2017
    Video:
    4
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?