Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    12443

    Mork, Ivar: Reisegalskap 2

    Ingen bilete
    mork/ ivar reisegalskap 2
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Hefta
    alt07:
    HUMOR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    390,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Reisegalskap 2 er band to av Ivar Mork sine reisebrev, fyrst publiserte på Facebook frå dag til dag under reisa. Reisegalskap 1 kom ut i 2018, og fyrste opplag vart snøgt rive bort – sidan mange lesarar hadde venta på å få dei omtykte reisebreva i bokform.
     
    Forfattaren rettar eit skråblikk mot mangt og mykje som kan hende under ei danningsreise utanfor allfarveg. Her er humor både til å humre over og til å gapskratte av, og sjølvironien er kanskje den mest bitande.
     
    Mange lesarar har også vorte gripne av forfattaren sine skildringar av møte med menneske på reisa, av alvoret og ettertanken som fylgjer med.
     
    Forfattaren si interesse for politikk og historie bryt ofte igjennom – med livssynet hans som bakteppe.
     
    Reisegalskap 2 er i same sjanger og skildrar opplevingar frå 6 ny reiser, mellom anna til Nord-Korea.
     
    Ivar Mork skriv eit personleg og dialketnært nynorsk, rikt på nyslegne metaforar og subtile referansar.
     
    Hefta, Fjøsbrunnen forlag 2019
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    False
    Har du spørsmål om produktet?