Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    12473

    Mjør, Kjersti: Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig

    Ingen bilete
    mjor/ kjersti hjartebank historia om oddny miljeteig
    Ingen bilete
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    305,-
    (349,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Ustrigla og motstraums. Til full jubel blei 60-åringen Oddny Miljeteig vald til ny nestleiar i SV på landsmøtet i mars 2015. Eg er ikkje redd for motgang, sa den kampklare partiveteranen, som skulle ta steget frå lokalpolitikken i Bergen til riksarenaen. Tre månader seinare kjende ho ein kul under armen. Ho låg på isolat då Audun Lysbakken kunngjorde at ho ikkje kom til å delta i valkampen. Dei neste åra kjempa ho sitt livs tøffaste kamp. Det tok henne tre år å stable seg på beina og gjere comeback i bystyret i Bergen. Til hausten fyller Oddny Miljeteig 65 år, og ho gir seg i politikken. SV-politikaren og sosionomen Miljeteig er først og fremst kjend som sosialpolitikar - ei markant stemme for dei svake og utstøytte. Ho er så langt frå ein politisk broiler som ein kan komme. I denne boka fortel Miljeteig om oppveksten i den veglause grenda Tøsse, der ho kom tre veker gammal, som adoptivbarn. I samband med boka tek Oddny kontakt med Fylkesmannen for å få vite kven dei biologiske foreldra hennar er. Ho fortel også for første gong offentleg om då ho var med og skjulte flyktningar i Bergen. Dette er eit ærleg portrett av eit motstraumsmenneske det er vanskeleg å stille seg likegyldig til
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?