Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3313

    Hovden,Anders: Fagert er landet - Dikt - Illustrert av Karl Erik Harr

    Ingen bilete
    hovden/anders fagert er landet    dikt   illustrert av karl erik harr
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Dikt
    alt07:
    LYRIKK
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    149,-
    (249,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Alle kjenner Fagert er landet, nasjonalsalmen som Anders Hovden skreiv ein vinterkveld i Krødsherad i 1907. Liv og dikting heng tett saman hos denne folkekjære presten. Sjølv sette han salmane høgast: "Der vil de finna heile mannen", skreiv han i forordet til sjølvbiografien "Attersyn" (som kom i ny utgåve i 1993).
     
    Han har nok fått rett i at det er som salmediktar han står sterkast i ettertida. Men han skreiv så mykje meir; han gav ut meir enn førti bøker, vers og prosa. Han var alltid nært knytt til det heimlege Sunnmøre. Både i salmar og andre dikt hentar han ofte bilete frå havet og kysten der vest. Mange av dikta hans har vorte populære songar, gjerne høgstemde, men likevel livsfriske og kvardagsnære. I Nynorsk salmebok, som han var med og redigerte, står over to hundre originale og omsette tekstar av Anders Hovden. Men også i mykje brukte songbøker finst det meir av Hovden enn av Bjørnson og Aasen!
     
    Frå den mangslungne lyriske forfattarskapen til Anders Hovden gir denne boka eit rikt utval. Her er dikta ordna kronologisk, slik at vi kan følgje diktinga som eit akkompagnement til hans eige liv. Her er mykje å finne av kjende og kjære dikt, men også mykje som dei færraste kjenner.
     
    Utgitt på Anders Hovden-fondet 1994 (Kommisjon hos Samlaget).
     
    Innbunden med smusuomslag. 
    Video:
    3-14-5
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?