Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    3483

    Hoem, Edvard: Vennskap i storm - Bjørnstjerne Bjørnson 1875-1889

    Ingen bilete
    hoem/ edvard vennskap i storm    bjornstjerne bjornson 1875 1889
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Band II av Edvard Hoems store Bjørnson-biografi.
    alt07:
    SAKPROSA
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    199,-
    (449,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Band II av Edvard Hoems store Bjørnson-biografi byrjar då Bjørnson med familie flyttar inn på Aulestad i 1875. På nokre hektiske månadar rustar han garden kraftig opp og dyrkar eit intenst vennskap med folkehøgskolefolket på Vonheim, men før vinteren er over innser han at vennene er av eit anna slag enn han, og garden for stor for hans økonomiske evner. Snart er Bjørnson inne i ei religiøs krise som fører til radikal omvurdering av alle tidlegare standpunkt, og vi følgjer han gjennom sytten års strid mot kristelege dogme og i ein politisk kampanje som endar med å utløyse embetsmannsstatens undergang i Norge. På Aulestad og i utlandet utfaldar han eit enormt brevskifte med ei lang rekke kjende kvinner og menn, svolten som han er på å skaffe seg vennskap og alliansar. Han blir intenst opptatt av Georg Brandes, Amalie Skram, Alexander Kielland, Ole Richter og mange andre. Men det bråskiftande sinnet hans og dei beinharde politiske slaga fører rett som det er til konfliktar som i mange tilfelle blir uopprettelege. I opinionen er populariteten hans også skiftande, men det er meir enn tretti tusen menneske som ønsker han velkomen tilbake til Kristiania etter fem års opphald i Paris. Boka tonar ut med den siste store lidenskapelege forelskinga – og breva hans frå denne perioden blir her offentleggjort for første gong.
     
    Innbunden. Forlaget Oktober 2010
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?