Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    4453

    Myklebust, Hilde: Glødepunkt

    Ingen bilete
    myklebust/ hilde glodepunkt
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Innbunden
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    59,-
    (329,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Det ligg ei summing over Steinsetbygda. Ei dirrande summing av røyster og kaos og fektande tankar. Heile bygda gløder mørkt og sugande, som ein nyuttrekt femtoms spikar, varm og brennheit av overført energi frå ein tilstand til ein annan. Guttorm jobbar ved bergverksbedrifta Mineral Vest. Han og kona Margunn prøver å halde liv i ekteskapet sitt, men det er så mykje som gneg: Overtida, det altfortærande brotet som trugar vennskap og barndomsminne, sandstøvet i lungene, barnet dei ikkje får. Når bedrifta får tidenes største ordre på sand til eit belgisk jarnverk, skyt aktivitetsnivået fart, dagbrotet veks og arbeidarane vert drivne til brestepunktet. Hjelpa kjem i form av finske leigearbeidarar, som også er eit kjærkome innslag for unge jenter med lengt bort frå bygda. Ein vert sugd inn i denne forteljinga, der arbeidet byrjar tidleg om morgonen med ein tørr finger mot ein kald brytar, slik det alltid har gjort, men endar tragisk og blodraudt. Forfattaren lar denne vesle bygda med sitt altfortærande steinbrotet bli eit bilde på korleis storsamfunnet fungerer. Hilde Myklebust tek med dette steget frå poesien til romanen. Ho har med seg det presise og fargerike språket sitt inn i ei forteljing som både er sitrande spennande og rørande.
     
    Innbunden. Samlaget 2011
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?