Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    11239

    Ingebrigtsen, Eirik: Spikrar frå fallande plankar

    Ingen bilete
    ingebrigtsen/ eirik spikrar fra fallande plankar
    Ingen bilete
    alt07:
    SKJØNNLITTERATUR
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    59,-
    (288,-)
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Ein skjerande lyd av smerte, og Sven stod skrekkplanta i sin eigen hage; farfars, fars hage, dette var Bett og Svens hage, og han kjente det prikka tungt i beina i det han såg rett på ein gråtande mann som heldt hendene skrått mot himmelen med handflatene inn mot seg sjølv, som i bønn, som ein prest som kopla inn Gud, som ein fotballspelar med ei helsing opp dit, men dette andletet var heilt utan glede, eit grin imot, og Sven stivna, stod heilt stille, mannen senka hendene og la dei rundt ein annan, yngre mann; ei djup omfamning, og det kom eit hulk før det rista av gråt i den brune, flate hatten hans, gråsvart hår pressa hatten mot ei helsing Sven har avbrote filosofistudiane og flytta inn i besteforeldras hus. Frå foreldra har han overtatt omsorga for søstera si, Bett. Ein morgon oppdagar han ein teltleir i hagen, ein jaga sigøynarfamilie har funne provisorisk opphaldsstad der. Det uventa møtet med Ilie og familien hans fører Sven både tett inn på liva til dei tilreisande og på sin eigen situasjon. Spikrar frå fallande plankar er ein roman om å forholda seg opent til det ukjende og å gje rom til dei andre, i eit samfunn der ikkje alle får plass. I eit innlevd og forteljande språk utforskar romanen grensene for det personlege ansvaret, på tvers av skiljelinjer i dagens Europa.
     
    Innbunden. Oktober forlag 2015
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?