Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    1029

    Parr, Maria: Tonje Glimmerdal - LYDBOK

    Ingen bilete
    parr/ maria tonje glimmerdal    lydbok
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok 2009! No endeleg på lydbok!
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    199,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Dette er lydbokversjonen av Tonje Glimmerdal, romanen som vann både Kritikarprisen, Teskjekjerringprisen og Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok i 2009! Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes bestevenn er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to vennene kjenner kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein stor løyndom han ikkje har røpt for bestevennen sin. Brått får Tonje mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel! Her er latter, drama, tårer og musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyris Heidi og ikkje minst Astrid Lindgrens univers. Maria Parrs debutbok, Vaffelhjarte, var ein suksess og er ute på sju språk. Tonje Glimmerdal er allereie seld til fleire land. Lydbok på CD. Det er forfattaren sjølv som les. Samlaget 2012
    Video:
    11
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    zerostockoverride:
    True
    Har du spørsmål om produktet?