Barnebibelen

Alf Kjetil Walgermo

kr349.00

1 på lager

SKU: 13185 Kategoriar: ,

Omtale

Ny barnebibel med fleire historier om jenter og kvinner.

Forteljingane i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. Dei er grunnlaget for den kristne trua og ein sentral del av den vestlege kulturen. I tillegg er bibelforteljingane spennande!

I denne flotte barnebibelen blir du kjend med dei viktigaste personane i Bibelen. Forfattar Alf Kjetil Walgermo har gjenfortalt historiene og har mellom anna tatt med fleire jenter og kvinner enn det som har vore vanleg i tidlegare barnebiblar. Her får du ikkje berre høyre om Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken, men også om smarte dronningar som Ester, sterke leiarar som Debora og sentrale augevitne som Maria Magdalena. Barnebibelen er gjennomillustrert av Anna Fiske. Den særeigne streken hennar er med på å gi dei gamle historiene eit friskt og nytt uttrykk, både respektfullt og med humoristisk snert. Boka passar godt både til høgtlesing for små barn og som ei innføring i Bibelen for barn som sjølve har lært å lese. Ho vil i tillegg vere eit fint alternativ for vaksne lesarar som ønskjer å få med seg det aller mest grunnleggande på kortfatta vis.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.1040 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Barnebibelen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *