Omtale
For Ä forstÄ oss sjølve og tida vi lever i, mÄ vi ogsÄ forstÄ historia. I pamflettserien KRISETID fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men ogsÄ lys og hÄp.
Den store depresjonen var ei verdsomfattande krise, prega av massearbeidsløyse og djupe politiske og sosiale konflikter. OgsÄ for nordmenn var tjuge- og trettiÄra harde, og spora har sete fast i familiar i generasjonar. Men konfliktane i denne tida la ogsÄ mykje av grunnlaget for etterkrigstidas velferdsstat.
I denne boka tek historikar Knut Kjeldstadli for seg korleis krisa starta i USA pÄ slutten av 1920-talet, med kollaps pÄ børsen og uÄr i jordbruket, og korleis den tøffe tida hadde ringverknader for arbeidsfolk, politikk og økonomi i Noreg. Som i dag var krisa ogsÄ den gongen brensel for dei høgreradikale kreftane. Arbeidarleiaren Arthur Berby kommenterte i 1931 det store gapet mellom dei bemidla og dei arbeidslause: «Det blir pÄ den mÄten et bunnløst svelg mellom oss. Og fascistene finner rørte vanne Ä fiske i».
Mens dei fascistiske kreftene kom til makta i fleire land, gav konfliktane pĆ„ trettitalet Arbeiderpartiet stor drivkraft i Ć„ra framover, og partiet fekk mykje av Ʀra for Ć„ avskaffe arbeidslĆøysa – ei sanning med store modifikasjonar. Eit dobbelt klassekompromiss vart inngĆ„tt i 1935, med hovedavtala mellom LO og arbeidsgivarane, og Kriseforliket mellom Bondepartiet og Arbeidarpartiet. Mellomkrigstida tona ut med sterk allmenn tru pĆ„ verdet av samfunnsorganisasjon, ein forlaupar for etterkrigstidas velferdsstat.
Knut Kjeldstadli (f. 1948) er pensjonert professor i historie ved Universitetet i Oslo. Han har skrive ei rekke bĆøker, deriblant Fortida er ikke hva den engang var. En innfĆøring i historiefaget (1992), Et splittet samfunn. Aschehougs Norges-historie 1905-1935 (1994) og Innvandringen til Norge 900 til 2010 (2014).




Vurderingar
Ingen vurderingar enno.