Den vesle pianisten

Lars Amund Vaage

kr342.00

LÃ¥gaste pris siste 30 dagar: kr342.00

1 på lager

SKU: 11761 Kategoriar: ,

Omtale

“Nokre fÃ¥ gonger i livet drøymde Sigurd at han kunne spela piano. Spela kunne han i vaken tilstand ogsÃ¥, og betre enn mange andre, det var ikkje det, men i draumen vart spelet hans forløyst. Tonane trilla ut av han, fall, rasa, eller dei song i han, slik at han gløymde kven han var, eller tykte han blei ein annan. Det han skapte med hendene pÃ¥ klaviaturet, var ikkje berre vakkert, i draumen, det var ogsÃ¥ sant. Utan at han trong streva for det, opna han seg, innover i seg sjølv og ut mot verda, og endÃ¥ om han ikkje hadde tenkt eller planlagt noko, sa tonane hans det gode og rette om livet og menneska. Tonane som han sjølv spela, lyste inn i han, knytte opp dei vonde knutane hans i rasande fart, bar med seg ei uforklarleg glede og løfta han inn i ein tilstand han ikkje visste han kunne nÃ¥.”
I dei Ã¥tte novellene i “Den vesle pianisten” finst gutungar, ungdomar og vaksne menn som leitar etter eit eige sprÃ¥k, borte frÃ¥ heimen og bygda, i skrifta eller musikken. Dei lengtar etter ord som kan forløysa noko i dei, ord som kan forbinde dei til andre menneske, ord som kanskje ikkje finst. Reiser dei ut, er dei framande; vender dei heim, er det ikkje nokon heim Ã¥ finna.
Lars Amund Vaage opnar opp eit stort rom for karakterane sine. I ein både stringent og sølvklår, rytmisk og lyttande prosa skriv Lars Amund Vaage om ambivalensen i menneskelege relasjonar, om sorga over språkløysa og om det plutselege svevet i ein vellukka komposisjon.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.350 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Oktober

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Den vesle pianisten”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *