Dikt i samling

Jon Fosse

kr449.00

LÃ¥gaste pris siste 30 dagar: kr449.00

1 på lager

SKU: 13706 Kategoriar: , ,

Omtale

Taus musikk.
Jon Fosse er særleg kjend som dramatikar og romanforfattar, men han har også gjeve ut ei rekkje diktsamlingar. I den særeigne og kritikarroste lyrikken til Fosse er det fjord og fjell, regn og mørker, bølgjer og hav, hundar og englar. Fortid, notid og framtid er slyngde saman, og grensa mellom liv og død er gjerne viska ut. På spørsmal om korleis ein skal lese dikta, har Fosse sagt: «Det er berre å lesa dei. Anten høyrer ein den tause musikken, elles så gjer ein det ikkje.» Fosse debuterte som lyrikar i 1986. I Dikt i samling er dei åtte diktamlingane hans samla i ei bok. Fosse har karakterisert seg som poet same kva han skriv. Vegen er ikkje lang mellom Fosses romanar, skodespel og lyrikk, og diktsamlingane er i seg sjølve gode inngangar til ein av våre viktigaste og mest originale forfattarskapar. Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.723 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Dikt i samling”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *