Eg snakkar om det heile tida

Camara L. Joof

kr262.00

5 på lager

Omtale

Eg ringer ei venninne.
Kalla mannen i baren meg svarting då eg ikkje ville gi han nummeret mitt? Den gongen vi hadde avtalt å drikke øl, men så drakk vi tequila i staden?
Ho blir still.
Nei. Han kalla deg nigger.
Takk, seier eg. Tusen takk for at du hugsar.

Eg snakkar om det heile tida er eit vitnemål, ein appell og ei sjølvransaking. Camara Lundestad Joof er fødd i Noreg, med norsk mor og gambisk far. Boka skildrar korleis rasismen ho stadig opplever, infiserer kvardagen og styrer tankane hennar. Ho ransakar minna sine. Kva om ho hugsar noko feil, korleis skal nokon tru henne då? Kor mange detaljar må ein hugse for å verke truverdig? Trur ho på seg sjølv? Og kan ho nokon gong fri seg sjølv frå spørsmålet om hudfarge?

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.120 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Eg snakkar om det heile tida”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *