Ei verd utan hestar

Øyvind Vågnes

kr349.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 13255 Kategoriar: ,

Omtale

Han står andlet til andlet med fienden. Alt mot har forsvunne. Det er berre frykta att. Vil han klare seg i kampane? Og kvifor drog han eigentleg til Amerika?

140 år seinare er Torjus Knudsen på reise med sonen sin til USA. Tord skal delta på 140-årsmarkeringa for slaget ved Chickamauga, der tippoldefaren hans slost. Torjus forstår lite av sonens interesse for fortida. Sjølv veit han at reisa vil kunne føre han tilbake til dottera han fekk med ei anna kvinne, og det før det er for seint.

Åra går. Chloe er i Noreg for første gong. Saman med mor si, Susan, skal ho i ei gravferd i Bergen. Torjus er rett nok morfaren hennar, men ho har berre treft han ein gong. Susan ønskjer å gjere rekneskap med fortida, men først må gamle løyndomar mellom mor og dotter fram.

Ei verd utan hestar spenner eit stort lerret. Romanen beveger seg frå den amerikanske borgarkrigen via atomsprengingane i Nevada-ørkenen, til vår eiga samtid. Det er ein roman om historia, og korleis vi forstår ho. Men det er òg ei forteljing om tida sjølv, og korleis vi kan og må førestille oss ei anna verd i tida som kjem.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.400 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Ei verd utan hestar”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *