Eit nytt namn – Septologien VI–VII

Jon Fosse

kr375.00

Tomt

SKU: 12834 Kategoriar: ,

Omtale

Avslutninga på storverket.

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.

I det tredje bandet av Septologien nærmar det seg julaftan. Tradisjonen tru et Åsleik og Asle lutefisk saman. Det vert eit stille måltid. Asle kjenner seg kraftlaus og ferdig med målinga. Han ryddar vekk alle målarsakene og køyrer dei siste bileta til galleri Beyer i Bjørgvin.

I tilbakeblikk følgjer vi liva til dei to Aslane. Asle møter den livslange kjærleiken i Ales, kjem inn den katolske trua, får stilla ut i Galleri Beyer og kan leva av å måla bort alle bileta som har festa seg i minnet hans. Asle og Ales flyttar etter kvart frå byen til huset på Dylgja. Namnebroren giftar seg også, men hans bryllup endar med ei hulkande brur og eit vondt brot.

Asle har for første gong sagt ja til å feira jul med Åsleik og søstera hans Guro. Julaftan reiser Åsleik, Asle og hunden Brage med sjarken inn Sygnefjorden. Dei har straumen med seg, finkleda er nedpakka og dei bytter på å stå til rors. Med seg har dei to målarstykke Guro skal få i julegåve. Heime hjå Guro angar det av røykt pinnekjøt.

Forfattaren
Jon Fosse (f. 1959) blir rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.461 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Eit nytt namn – Septologien VI–VII”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *