Faner i den frilynde ungdomsrørsla

Asbjørn Thomassen

kr450.00

Lågaste pris siste 30 dagar: kr450.00

8 på lager

SKU: 12317 Kategoriar: , ,

Omtale

Gjennomillustrert leksikon med faner i ungdomslag over heile landet. Faglege artiklar om fanekunsten, tradisjonane, utvalte fanekunstnarar.

Faner i den frilynde ungdomsrørsla er eit leksikon med over 460 faner, mange av dei er presenterte med både framsida og baksida. Her er ungdomslagsfaner frå kvar einaste kommune i heile landet. Fanene viser visjonen i ungdomslaga og på landsplan. Det kan vere store ord, ord som peikar framover. Også faner i ungdomslag om ikkje er med i Noregs Ungdomslag er tatt med i dette rause gjennomillustrerte verket. Profesjonelle kunstnarar som Nikolai Astrup, Ole Ekornes d.e. og d.y., Bergslien-brørne og Louis Kvalstad er i godt selskap med dyktige husflidutøvarar og lokalt og regionalt kjente kunstnarar.

Boka byr på ei kulturhistorie få eller ingen andre rørsler kan vise maken til. Det er også eigne kapittel om fanetradisjonen, utvikling av bildespråket, kva fanene fortel, fanekunstnarar, faneord, lagsnamn, lagsregister og solide kjeldetilvisingar. I mange år har Asbjørn Thomassen (1938-2013), tillitsvalt og tidlegare redaktør og internasjonal rådgjevar i Noregs Ungdomslag, systematisk samla opplysningar og foto og skrive meste av boka. Forfattaren, journalisten og lektoren Liv Marit Idsø (1950 -) har fullført arbeidet, og begge har hatt god hjelp av ungdomslagsfolk landet rundt.

Boka Faner i den frilynde ungdomsrørsla er gitt ut av Bokbyen Forlag i samarbeid med Noregs Ungdomslag.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.8 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Bokbyen

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Faner i den frilynde ungdomsrørsla”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *