Sal!

Festspelbokpakke

kr816.00 kr536.00

20 på lager

SKU: Bokpakke Kategoriar: ,

Omtale

Pakke med bøker frå årets festspeldiktar Sigmund Løvåsen. Spar kr 280 på rettleiande pris.
Pakken inneheld:

Mamsell Iversen

Handlinga i romanen er lagt til ei lita bygd på det indre Austlandet først på 1900-talet. Pauline Lindstad blir funne brutalt drepe i moltemyra, ei hending som grip brått inn i livet til dei som bur i området. Den prostituerte Mamsell Iversen får ei ubehageleg kjensle av at det er ho som har stått for ugjerninga.

Nyryddinga

Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.

Brakk

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil. Brakk er ein frittståande oppfølgjar til debutboka Nyryddinga, som han fekk Tarjei Vesaas» debutantpris for. «Det er noe veldig godt ved å være i hendene på en yngre forfatter som ikke er redd for å skape sine egne spor og tar mål av seg å til skape noe stort.» Tonje Vold, Dagsavisen «Det er rått og konkret. Løvåsen er en mann med forkjærlighet for det uparfymerte. Derfor stinker denne boken. Den stinker sau, skau og svette. Det er en stank jeg liker.» Sindre Hovdenakk, VG «Eg er imponert over Løvåsens forteljeevne, motet til å gå i fotefara til dei store forteljarane i norsk litteratur.» Knut Ødegård, Aftenposten «Brakk står som en hesjepåle!» Knut Fjeld, Østlendingen.

Med øksene dei haustar inn

Kulturlandskap, jord- og skogbruk er ramma for tekstane i Sigmund Løvåsens første diktsamling. Det handlar om å dyrke, så og hauste, om menneska som formar landskapet, og landskapet som formar menneska. Frå kvardagslege observasjonar av skogsarbeid, gards- og familieliv strekker tekstane seg langt i både tid og rom: Vi møter eika som har vandra oppover Europa gjennom tusenvis av år, og vi møter linerla på tunet, den som for litt sidan hakka på pyramidar og kamelmøkk i Egypt. Med øksene dei haustar inn plasserer lesaren tett på naturen, dyra, fuglane og årstidene. Gjennom mytestoff, draumar, observasjonar og refleksjonar stiller boka grunnleggjande spørsmål omkring vår plass i landskapet og blant dei andre artene.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.571 kg
Innbinding

Hefta

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Festspelbokpakke”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *