Omtale
– Eg er bonde mellom andre bønder. Det er slitet med jorda som har gjort at eg kunne uttrykke med som kunstnar.
– Jeg førsøker å gjenngi essensen i det jeg opplever i naturen
– Kan arbeida mine hjelpe folk til å sjå nye sider ved landskap og miljø er eg nøgd
Rolv Lorentz Muri (1921–1992) var utdanna frå Statens Kunstakademi, var fleire gonger representert på Høstutstillingen og Vestlandsutstillinga og fekk Statens garantiinntekt for kunstnarar frå 1977. Som profesjonell kunstnar valde han å slå seg ned som bonde i Nordfjord, langt frå nasjonale kunst- og kultur-institusjonar. I dette lokale landskapet fann han motiva sine, men forma var internasjonal, knytt til impulsar og inspirasjonar frå Europa og USA. Slik var han både stadbunden og utovervend.
I oversynsartiklar blir han kalla abstrakt ekspresjonist, men sjølv ville han ikkje la seg fange med merkelappar. Men han var ein «uttrykks-kunstnar», som gjennom abstraksjonar av landskap og natur skapte ei underleggjering som kan få oss til å sjå på naturen med nytt blikk. Og det trengst kanskje – i ei tid med auka medvit om natuvern og klimakrise?
Rolv Muri viser oss natur og landskap som magiske, fortrylla fenomen. Eller som det heiter i eit fransk kunstnarleksikon frå 1990: «Bildekunsten hans er ei alve-verd full av fargar.»
Frå Olden til Paris har med eit eige kapittel om kona, Helga Brøcher Muri, frå Danmark, som gav opp si eiga karreiere då dei flytta til Olden.
Ove Eide (f. 1950) frå Sandane er lektor, lokalhistorikar og forfattar. Han har skrive, redigert og vore medforfattar til vel 30 bøker om litteratur og lokalhistorie, m.a. om forfattaren Jakob Sande, Sandane Turn- og idrettslag, Sandane ungdomslag, Gloppen Hotell, Holvikejekta og Vereide kyrkje.




Vurderingar
Ingen vurderingar enno.