Omtale
Årets hefte representerer noko av eit comeback for Hårek, sidan serien dei seinare åra har vore ein del av ein antologi heller enn å få stå på eigne bein. Far og son Dick og Chris Browne er de mest kjende teiknarane av Hårek, og det burde ikkje kome som ei overrasking på nokon, at viking-teikneserien deira slo godt an i Noreg. Hårek kan være tøff når han dreg i viking utanlands, men heime er det kona Gyda som har horna på hjelmen, for å bruke ein viking-metafor. Hårek blir sjølvsagt publisert på nynorsk, og i år er det forfatter og dramatiker Olaug Nilssen som har stått for omsetjinga. Føreordet er skriven av Rune Larsen, som trekk fram Hårek som sin soleklare juleheftefavoritt.




Vurderingar
Ingen vurderingar enno.