Omtale
Frå føreordet:
Dei fleste boktitlane i serien Mi gamle grend er frå verseliner henta frå diktarar frå Hovdebygda. I åre er tittelen henta frå den fjerde verselina i den sjette strofa av Nordmannen (Mellom bakkar og berg) av Ivar Aasen. Den aktuelle strofa lyder slik:
«Og når liderna grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,
og når næter er ljose som dagar,
kann han ingenstad vænare sjå.»
Som me sa i fjor: Takka vere viljen til å skrive og gode medarbeidarar, kan me halde fram med skriftserien «Mi gamle grend». Medverkande er også bra sal, og god støtte frå det lokale næringslivet gjennom kjøp av lysingar.
Me har stoff heilt frå 1800-talet, og frå notida, heilt til utgangen av september i år.




Vurderingar
Ingen vurderingar enno.