Jordboka II

Dag Jørund Lønning

kr349.00

Tomt

Omtale

«Myggen», skreiv Nietzsche, «susar rundt overtydd om at han er sentrum i universet, og at alt anna liv er til for hans del». Det gjer mennesket og. Men til skilnad frÃ¥ myggen har mennesket makt til Ã¥ pÃ¥tvinga alle andre artar sitt perspektiv pÃ¥ verda. Der har me gjort. Og difor kneler planeten. Dette er boka om korleis forholdet mellom menneske og natur mÃ¥ endrast radikalt om dei som kjem etter oss skal fÃ¥ oppleva ei grøn og levande jord. Me treng definisjonar av natur som inkluderer oss og gir oss produktive, naturbyggjande roller. Ein kan øydeleggja det som ligg utanfor ein sjølv, ikkje det ein sjølv er del av. Men finst det rom for mennesket i naturen? I jakta pÃ¥ svar tek forfattaren lesaren med pÃ¥ ei filosofisk og praktisk oppdagingsreise ned i den levande molda og inn i ideane si verd: FrÃ¥ Nietzsche sine frigjerande tankar, til høgproduktiv grønsakdyrking med naturen som gartnar. FrÃ¥ roseplanting i kvist, til dans og karbonfangst. FrÃ¥ kompostering som filosofi og praksis, til kva den vesle bakterien i molda kan læra oss om livet sitt viktigaste prinsipp. Jordboka II viser korleis me alle kan finna vÃ¥re produktive og meiningsfulle roller i dei enorme endringane menneska mÃ¥ og skal gjennom dei neste tiÃ¥ra. Boka stakar opp kursen ut av industrilandbruk og forbrukarsamfunn – og inn i den naturnære, kompostmoderne framtida.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.722 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Jordboka II”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *