Omtale
– Berre vent, sa Hilda, rimeleg sikker.
– Den gutungen blir det aldri folk av.
De ska få sanne mine ord.
– Den gutungen blir det aldri folk av.
De ska få sanne mine ord.
Og det såg ut som ho skulle få rett. For Norvald var ikkje som dei andre ungane. Ein unge skulle vere snill og stillfarande, sitje roleg ved bordet, ikkje snakke i utide og slett ikkje stygt, og vere lydig imot foreldra. Og sjølvsagt: ikkje tru om seg sjølv at han var noko. Og framfor alt: Han måtte ikkje stelle seg slik at han førte skam over foreldra.
Norvald Tveit voks opp i Bøfjorden i ytre Sogn pÃ¥ 1930-talet. I denne boka ser han tilbake pÃ¥ oppveksten sin som eit sokalla uekte barn frÃ¥ han kom til pleieforeldra sine som baby og fram til 11-12-Ã¥rs alderen. Det skarpe blikket og humoren utvikla han tidleg. OgsÃ¥ evna til Ã¥ bry seg om dei som hadde det verre. Han fortel levande og med glimt i auge om livet i gamle dagar, der ungane mÃ¥tte ta del i arbeidet frÃ¥ dei var ganske smÃ¥. Vi fÃ¥r ogsÃ¥ høyre om første bilturen, den magiske grammofonen, skulen og naboane. Slikt blir det gode historier av. Og han sler hardt ned pÃ¥ behandlinga av “tylene”, dei funksjonshemma, som ikkje alltid hadde det sÃ¥ godt rundt pÃ¥ gardane.




Vurderingar
Ingen vurderingar enno.