Krafttaket på Bjørke

Jon Hustad

kr348.00

1 på lager

SKU: 12607 Kategoriar: , ,

Omtale

Inst i Hjørundfjorden på Bjørke låg ein av Noregs største og kraftigaste fossar, Tyssefossen. Det er no 60 år sidan han vart lagt i røyr, og Tussa Kraft byrja å levera straum til heile Søre Sunnmøre. Men utbygginga var ikkje ferdig med det. I åra etterpå fram til 1966 skaut arbeidarane ut 15 kilometer med fjelltunnelar for å henta enda meir vatn til magasinet, både frå Hjørundfjord-sida og Hornindal-sida.

No leverer kraftstasjonen på Bjørke 280 millionar kilowattimar i året. I kjølvatnet av utbygginga har Søre Sunnmøre gått gjennom ei storstilt industrireising, levestandarden har gått opp, og eigarkommunane vorte rikare. Denne boka er om kor viktig og billig utbygginga var.

Men boka er òg ei soge om kor tragisk utbygginga vart. For fyrste gong vert mennene og kvinnene som bygde Tussa kraftstasjon og henta vatnet, intervjua. Dei fortel om alt det artige og kjekke, men dei fortel òg om dei fæle ulukkene. 11 menn døydde under utbygginga, unge fedrar og ektemenn som aldri kom heim att.

Det er skrive mange bøker om kraftutbygging i Noreg. Dette er den fyrste boka der arbeidaren fortel. Det var fleire hundre som arbeidde med utbygginga gjennom åra. No kan familiane deira, og dei som kjende og kjenner dei som var med, endeleg få lesa om korleis arbeidarane hadde det, og sjå alle dei fantastiske bileta frå utbygginga.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.020 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Krafttaket på Bjørke”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *