Mjølk av Paradis – Engelsk og skotsk ly

Johannes Gjerdåker

kr349.00

1 på lager

SKU: 4455 Kategoriar: ,

Omtale

I 1798, to år etter Robert Burns død, stod Wordsworth og Coleridge fram med Lyrical Ballads. Denne samlinga med dikt vart svært populær både blant lek og lærd og inspirerte andre lyrikarar til å dikte på liknande vis og om nærskylde emne. Coleridges Soga til den gamle sjømannen og Kubla Khan høyrer saman med Wordsworths Gjenta i kornhausten kanskje til dei mest kjende, men i dette utvalet har Johannes Gjerdåker også gjendikta andre dikt og diktarar, og sett dei inn i ei kronologisk ramme.

Utvalet femner om Thomas Gray (1716-1771), Samuel Johnson (1709-1784), Robert Burns (1759-1796), William Wordsworth (1770-1850), Samuel Taylor Coleridge (1772-1843), William Savage Landor (1775-1864) og John Clare (1793-1864). I eit perspektivrikt etterord skisserer gjendiktaren deira personlege bakgrunn og syner kva verknad dei har fått for poesien og litteraturhistoria.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.220 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Mjølk av Paradis – Engelsk og skotsk ly”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *