Norsk litteratur i Nazi-Tyskland

Narve Fulsås

kr599.00

LÃ¥gaste pris siste 30 dagar: kr599.00

26 på lager

Omtale

Under den andre verdskrigen var norsk litteratur den største omsette litteraturen i Tyskland. Bak bestseljarane Knut Hamsun og Trygve Gulbranssen var det over hundre norske forfattarar som blei eller prøvde å bli publiserte på tysk i åra 1933-1944. Få av dei var nazistar, nesten ingen snakka om det etterpå.

To sentrale formidlarar var advokaten Eilif Moe på Lillehammer og den tyske forlagsmannen og seinare flyktningen Max Tau. Dei er mellom dei fyrste norske litterære agentane, men verksemda deira har vore nesten ukjent. Arkivet etter Det litterære byrå, som det blei kalla, gjer det mogleg å studere korleis norske forfattarar såg på tysk publisering, kva som motiverte dei og kva samarbeidet med tyske forleggjarar og nasjonalsosialistiske kulturstyresmakter innebar.I eit transnasjonalt, tysk-norsk perspektiv får vi ein slåande kontrast mellom motstand mot okkupasjon og nazifisering heime og viljetil å samarbeide med det nazistiske litteratursystemet ute.

Det ideelle argumentet for å handle med Tyskland varå forsyne ikkje-nazistiske forleggjarar og lesarar med god omsetjingslitteratur. Men det var alltid følgd av økonomiske omsyn, og utsiktene til sal og inntekter kom ofte til å vege opp for politiske og moralske motførestillingar.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.465 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Scandinavian University Press

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Norsk litteratur i Nazi-Tyskland”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *