Sal!

Northanger Abbey (Jane Austen)

kr262.00

2 på lager

SKU: 13109 Kategoriar: ,

Omtale

Når ei ung dame skal bli heltinne, kan ikkje motbør frå førti omliggande familiar forhindre henne.

Jane Austen er av ein av dei mest lesne engelske forfattarane opp gjennom tidene og er kanskje mest kjent for romanen Pride and Prejudice, men også Northanger Abbey vert rekna blant dei seks hovudverka hennar. Romanen var mellom dei tidlege arbeida hennar i 1790-åra, men verket blei ikkje utgitt før i 1817, eit halvt år etter hennar død.

Northanger Abbey møter vi syttenåringen Catherine som for første gong er på besøk i den engelske kurbyen Bath. Der forelskar ho seg både i ein mann, Henry Tilney, og i boka Mysteria på Udolpho av Ann Radcliffe. Catherine tolkar røynda i lys av dei dramatiske hendingane og mørke personane ho les om, og dette fører henne grundig på villspor.

Boka er ein satire over overklasselivstil og kjønnsroller, men den er også ein litterær parodi over den gotiske populærlitteraturen, og speler saman med resten av verket til Austen ei viktig rolle i utviklinga av den realistiske romanen.

Northanger Abbey er full av humor og skarpe utleveringar av mannlege privilegium så vel som kvinnelege tåpelegheiter.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.370 kg
Innbinding

Innbunden

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Northanger Abbey (Jane Austen)”

Epostadressa di blir ikkje synleg.