Nynorsk vinyl — Songskatten i rillene

kr50.00

4 på lager

SKU: 12266 Kategoriar: , ,

Omtale

Musikk er ein effektiv veg inn til hjartet. Den nynorske songskatten har vore med på å gjere nynorsken til ein viktig del av identiteten vår. Vi vert gripne når vi høyrer «Vi skal ikkje sova bort sumarnatta», vi kryp inn i armkroken til kjærasten vår til lyden av «Vi vandrar saman», og vi skrålar med til «Kveldssong for deg og meg». Plater, ikkje minst på vinyl, har vore eit av dei viktigaste media for å spreie denne songskatten dei siste hundre åra. Lydbølgjene i rillene har gjort det mogleg for oss å høyre dei nynorske songane heime i stova vår, slik at musikken til små og store artistar kan nå ut til oss, same kvar i landet vi bur.

Målet med denne utstillinga er å syne fram nokre av dei som har gjort dei nynorske platene til viktige kulturberarar. Artistane, pionerane, tekstforfattarane, plateselskapa og institusjonane – saman har dei skapt og spreidd songskatten i rillene.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Nynorsk vinyl — Songskatten i rillene”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *