På ein skala frå éin til ti

Ann Helen K. Ingebrigtsen

kr329.00

Lågaste pris siste 30 dagar: kr329.00

1 på lager

SKU: 14461 Kategoriar: ,

Omtale

Om sjølvtillit og kroppskompleks. 

Eg hatar det når folk spør kvifor eg haltar. «Har du skada foten? Er det ein fotballskade?» Så må eg seie at det er lenge sidan, og spørsmåla tar aldri slutt. Dei siste åra har eg begynt å seie ja. Ja, eg har skada meg, og når dei ser på meg og ventar på meir info, seier eg ingenting. Eit ja er alt dei får. Eg drit i om dei føler seg dumme. Eg føler meg uansett dummast. Styggast. Handikappast. 

Miriam har levd med skada fot sidan ho var to år gammal. Ho haltar og har store smerter. Då ho fyller seksten, får ho beskjed frå legane på sjukehuset om at ho må amputere foten. Kort tid før operasjonen møter Miriam den kjekke guten Torjus, som ho blir hovudstups forelska i. Kan ho greie å fortelje han kva ho skal gå gjennom på sjukehuset? Og kva vil han seie når han får vite sanninga om kroppen hennar?

På ein skala frå éin til ti er ei sterk og personleg historie om kroppskompleks, om å kjenne seg annleis. Samstundes er det ei forteljing om å overvinne frykta for å seie sanninga og om å kome seg vidare i livet.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.255 kg
Innbinding

Aldersnivå

Ungdom

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “På ein skala frå éin til ti”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *