Omtale
Éin loppis. Tre kvinner. Altfor mange ting.
Iselin er ei klippe for familien, men har begynt å kjenne avsky for både mannen, jobben og det evinnelege dugnadsarbeidet. Det einaste ho finn glede i mens ho druknar i finlopper, er å lese om stygge drap og snoke i livet til offera.
Sarah er gravid og redd for at barnefaren skal forlate henne, sÃ¥ rart som han oppfører seg. Ho held seg langt unna loppemarknader – bortsett frÃ¥ dei ho mÃ¥ rykke ut til som ambulansesjÃ¥før.
Berit er i sorg etter at kjærasten døydde. For å prøve å dempe saknet jaktar ho på brukte skattar, og kvar fredag går ho til grava med kaffi på termos og stadig nye porselenskoppar.
Pent porselen er ein roman om å vere lykkeleg åleine og einsam saman med andre. Om å miste, men også om å finne igjen.




Vurderingar
Ingen vurderingar enno.