Såpe – Løvetann

kr130.00

1 på lager

SKU: 12959 Kategori:

Omtale

For den som er like stolt og livskraftig som ein løvetann

Løvetann har fått eit ufortent dårleg rykte, og vi ser mest på denne løva av ei urt som eit invaderande ugras. Ordet «ugras» er oppfunne av dei som vil selje sprøytemiddel, og er ikkje er eit ord som eksisterar i den verkelege verda utanfor døra. For insekta er den ein livsviktig trekkplante om våren. Løvetanna stikk hovudet opp, som ein av dei første plantane, og er ein kjærkomen fargeklatt og matfat i eit elles så goldt landskap. I naturmedisin er løvetann ein viktig plante, og den har eminente hud lækjande eigenskapar. Altfor god til å ikkje putte i ei såpe. Såpa inneheld i tillegg uttrekk av kamille, for enno betre hudpleie.

Produktet inneheld ingen animalske ingrediensar, og kan trygt nyttast av veganarar.
Merk at såpene kan sjå litt annerleis ut enn på bileta, då resultatet av såpelaging og bruk av plantefarge ikkje alltid kan bli heilt likt.
Nettovekt 120 gram.

Produsert av Blomsten og Bia Såpekokeri.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.150 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Såpe – Løvetann”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *