Septologien III-V – eg er ein annan

Jon Fosse

kr375.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 12598 Kategoriar: ,

Omtale

Andre bok i «Septologien». Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet. Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar. I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for første gong, begge byrjar på Kunsthøgskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales. «Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Første boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. I år kjem den andre boka, Eg er ein annan. Den tredje og siste boka, Eit nytt namn, kjem ut i 2021.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.555 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Septologien III-V – eg er ein annan”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *