Soria Moria – Utvandringa frå Voss til USA

Eirik Helleve

kr449.00

Lågaste pris siste 30 dagar: kr449.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 14467 Kategoriar: , ,

Omtale

Minst 7000 vossingar utvandra til USA. Den fyrste familien reiste i 1836, og dei neste femten åra var Voss truleg den største utvandringsbygda i Noreg. Utvandrarane frå Voss markerte seg mange stadar i Midtvesten, frå den veksande storbyen Chicago til nye busetnader på prærien, som Koshkonong, Big Canoe eller Fertile.

I denne boka kan du lesa om nokre av desse utvandrarane og om korleis dei hevda seg i USA. Du kan til dømes lesa om den fyrste norskamerikanske organisasjonen, skipa av vossingar i Chicago i 1848. Du får høyra om den fyrste lokalavisa for Voss, som Nils T. Bakketun gav ut i Illinois frå 1857. Her står om dei tre vossingane som var sentrale då skistaden Breckenridge, Colorado, vart etablert tidleg i 1960-åra. Og du kan lesa om Andrew Herom, farmaren frå Nord-Dakota som sette Voss på kartet.

Eirik Helleve (f. 1965) er utdanna etnolog og har sidan 2012 vore styrar ved Voss folkemuseum.

Tilleggsinformasjon

Vekt 1.038 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Fonna forlag

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Soria Moria – Utvandringa frå Voss til USA”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *