Omtale
Dobbelt Upris-vinnar med nye sterke forteljingar! Ei ulukke har aldri ei enkel Ã¥rsak. Ho er ei følgje av fleire uheldige hendingar som heng saman i ein serie. Kvardagslege handlingar som me menneske gjer, utan tanke pÃ¥ at dei kan fÃ¥ tragiske konsekvensar. Stavanger Stories 2 er fjorten forteljingar om liv og død – og alt innimellom, fortalde med bÃ¥de humor og alvor. Vi følgjer familien til ungdommane Betty og Broremann – og ogsÃ¥ andre folk som er rundt dei. Betty er usikker pÃ¥ om ho kan stole pÃ¥ kjærasten sin. Broremann gjer det han kan for Ã¥ imponere storebroren sin. Halvard kjøper luftpistol. Og Eric mÃ¥ snike seg ut dÃ¥ han vaknar opp heime hos ei dame som har ein mann i Nordsjøen. Alle driv dei med sitt, utan Ã¥ vere klare over korleis handlingane deira pÃ¥verkar personane rundt dei.




Vurderingar
Ingen vurderingar enno.