Storegut

Aasmund Olavsson Vinje

kr429.00

LÃ¥gaste pris siste 30 dagar: kr429.00

1 på lager

SKU: 3358 Kategoriar: , ,

Omtale

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) var forfattar, bladmann og jurist. Med djup forankring i det folkelege og brei interesse for kulturelle og politiske straumdrag i utlandet, hadde han eit perspektiv som både var lokalt og globalt. Vinje nytta fleire ulike sjangrar: dikt, forteljingar, essay, artiklar, kåseri, kommentarar og reiseskildringar. Diktverket Storegut kom ut i 1866, og er eit av dei største arbeida til Vinje, og eit klassisk verk i den norske bokheime. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå «Det syng fyr Storegut»:

Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.

Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700-talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Det var Vinje som gjorde Storegut kjent langt utanfor lokalmiljøet, og mange kunstnarar har seinare late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik Sørensen.

Lokalhistorikaren Rikard Berges kritiske kommentarar til Storegut-verket var første gong trykt i Syn og Segn i 1906, og er med i denne utgåva.

Utgåva er trykt i Vinjes eiga målform. Innleiing av Åsulv Edland. 15. utgåva.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.569 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Storegut”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *