Sukkerskrubb – Rose hibiskus

kr210.00

1 på lager

SKU: 12963 Kategori:

Omtale

Ein skrubb laga med urter og eteriske oljar, som gjev kropp og sinn ei kjensle av velvære og ro. Med eit høgt innhald av finmale roseblad og hibiskus i tillegg til ekstrakt av roseblad, er dette ein luksuriøs skrubb å ta med seg i dusjen eller i badekaret. Eterisk olje av grapefrukt, palmarosa og geranium verkar reinsande, oppstrammande og betennelse hemmande.

Det er luksus å nytte ein sukkerskrubb. Kanskje er det ein overdriven luksus, fordi er langt frå å vere eit livsnødvendig remedie. Men av og til må ein unne seg det vesle ekstra. Det gode med Blomsten og Bia sine sukkerskrubbar, er at dei ikkje inneheld verken mikroplast, konserveringsmiddel eller vatn. Det dei til gjengjeld inneheld er økologisk sukker, økologiske oljar og urter, og ein emulgator. Emulgatoren gjer at oljane blandar seg med vatnet i badet/dusjen medan du masserer produktet på huda, og det dannar seg rett og slett lotion. Det er jo litt magisk. Dermed vert huda mjuk og god, og ikkje klissete av overskotsolje. Badegolvet vert heller ikkje glatt, då oljerestane vaskar ut med vatnet.

Nettovekt 180 gram.

Produsert av Blomsten og Bia Såpekokeri.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Sukkerskrubb – Rose hibiskus”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *