T-skjorte Tett med stova — Herre

kr199.00

Nullstill
SKU: 10564-99 Kategoriar: ,

Omtale

Motiv av storebjørka som stod i tunet i Åsen, på garden der Ivar Aasen var fødd og oppvaksen. Den gamle, store bjørka i Aasen-tunet var det nynorske tuntreet. Med teksten: Tett med stova stod ei bjørk så brei. Treet var stort alt då Ivar Aasen, fødd 1813, var liten. Han skildra treet som eit barndomsminne i diktet Gamle Grendi i 1863: Tett med Stova stod ei Bjørk so breid, / der hadde Skjorerna sitt gamle Reid. Storebjørka skranta med åra, og etter ein storm i 2004 som øydela treet, vart restane tatt ned i 2005. I motivet ser vi òg nokre av bygningane i Aasen-tunet: frå venstre gamlemuseet, opna i 1898, steinbygningen som tok over som museumbygning i 1946, og stabburet til høgre (truleg frå 1700-talet). Butikken i Ivar Aasen-tunet lanserer i samband med Dei nynorske festspela 2013 og 200-årsjubileet for Ivar Aasens fødsel to nye t-skjorter etter ein ide av Øystein Aasen. Han kjem sjølv frå Aasen-familien, og har vokse opp tett ved gamlebjørka. Skjorta kjem i svart , både i dame- og herrefasong, og med to ulike tekstar. Ein er laga av Øystein Aasen: Med kjensle for gamlegrenda. Den andre er henta frå diktet Gamle grendi av Ivar Aasen, og lyder: Tett med stova stod ei bjørk så brei.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.2 kg
Storleik

S, M, L, XL, XXL

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “T-skjorte Tett med stova — Herre”

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *