Tre kvinner

Robert Musli

kr218.00

7 på lager

SKU: 11886 Kategoriar: , Tag:

Omtale

Alle detaljane var heslege og til saman danna dei lykke.

I novellesyklusen Tre kvinner utforskar Robert Musil forholdet mellom mann og kvinne. Korleis dei prøver å frigjere seg frå krava til samfunnet, frå fordommar, maktspel, og overvinne alle avstandar. Vi møter tre ulike kvinner, bondejenta Grigia, adelskvinna frå seinmiddelalderens Portugal og arbeiderklassekvinna Tonka. Desse møta utløyser omveltingar i livet til personane. Akkurat korleis det hender, blir ei gåte som forteljaren prøver å løyse.

Desse tre novellene har blitt feira som oppvisingar i stor skrivekunst, samstundes som forfattaren viser seg som ein presis analytikar av karakterane sitt mest intime sjelsliv, tett vevd inn i omgivnadene. Forfattaren skriv både konsentrert og poetisk, sensuelt og ironisk. Han gir historiene sine ein stor detaljrikdom som gir lesaren ei sanseleg oppleving. På same tid observerer han personane med ein distanse som tillét han å sjå dei frå fleire ulike kantar.

Austerrikaren Robert Musil (1880–1942) er i dag ein av dei viktigaste forfattarane i moderne tysk litteratur, og vert samanlikna med Franz Kafka, James Joyce og Marcel Proust. Han er i dag mest kjend for det ufullenda hovudverket Der Mann ohne Eigenschaften. Men novellene til Robert Musil representerer ein viktig og sjølvstendig del av forfattarskapen hans, og står ikkje tilbake for romanane.

Dette er første gong at ein tekst av Robert Musil har blitt gitt ut på nynorsk.

SKALDs klassikarar er ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.200 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Tre kvinner”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *