Unge titanar. Tre noveller.

Nescio

kr279.00

LÃ¥gaste pris siste 30 dagar: kr279.00

1 på lager

SKU: 14397 Kategoriar: ,

Omtale

Når du er ein liten poet, går dei vakraste jentene alltid på den andre sida av kanalen.

I tre noveller på starten av det førre hundreåret, skildra ein anonym forfattar livet som drøymande kunstnarspire i eit land der det var lite plass for slike. Forfattaren kalte seg Nescio, og novellene har sidan fått klassikarstatus i Nederland og veksande internasjonalt ry. Tekstane hans står i lågmælt kontrast til den nederlandske gullalderen, prega av handel, kolonimakt og kulturell stordom, og vi møter ein uventa Weltschmerz i ein kultur som har vore mest kjent for sine ikoniske målarnamn.

Unge titanar. Tre noveller handlar om unge idealistar i Amsterdam, kunstnarar og poetar, som prøver å finne fotfeste i det borgarlege vaksenlivet. Hovudpersonane har spelt ut sjansane som ein gong låg opne for dei. Forteljingane er rå og direkte, men òg høgstemde og lyriske – dei får oss til å tru på denne idealiseringa av ungdommen. Samstundes opnar tekstane eit kulturelt dilemma: det djupt nederlandske spennet mellom kunst og økonomi, idealisme og borgarskap, børs og katedral.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.205 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Skald

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Unge titanar. Tre noveller.”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *