Handle
Leit fram varer ved å bla i produktmenyen eller søke. Fyll handlekorga med vara/varene du ønskjer å kjøpe. Før du stadfestar kjøpet er det lurt å sjå over ordren. Oppdagar du feil i person- eller leveringsopplysingane, eller om du har kjøpt feil vare/ storleik, etter at du har stadfesta ordren, må du snarast sende oss ein e-post. Då kan vi rette det opp før utsending.
I nettbutikken kan du handle innalands til fastlandet i Noreg. Tinging og sending til Svalbard har eigne reglar for mva og fraktkostnadar. Send e-post om du ønskjer å tinge varer til Svalbard, så avtaler vi nærare om pris og levering. Vi sender normalt ikkje varer til utlandet, men ta kontakt, så avtalar vi nærare.
I kjøpsprosessen kan du velje om faktura- og leveringsadresse skal vere identiske, eller sendast ulike stadar. Dette vel du for den enkelte ordren, ikkje under brukarprofil. Valet du gjer for ein ordre, gjeld berre denne ordren. Som standard ligg det inne at adressa du har registrert i brukarprofilen både blir brukt som leverings- og fakturaadresse.
Prisar
Alle prisar er inkludert meirverdiavgift og opplyst i norske kroner (NOK).
Kostnad for frakt vil kome fram før du stadfestar ordren. Les meir om frakt under Frakt og levering.
Betaling
Sikker betaling med kort for privatkundar og firma og handel med faktura for skular, barnehagar og andre etter avtale.
Vi tilbyd sikker betaling med 3-D Secure (Verified by Visa og MasterCard SecureCode) gjennom Netaxept frå Nets. Det er eit globalt tryggingsverktøy som kontrollerer autentisiteten til kjøpar ved handel på nettet. Dei fleste kortutsendarar brukar i dag BankID, men det finst òg fleire variantar avhengig av kortutsendaren din. Det finst òg BankID på mobil, og autentisering med passord eller sms.
Alle transaksjonar går gjennom sikre sider (https) og kortopplysingane blir ikkje sendt til Handlenett.no. Handlenett.no vil ikkje ha tilgang til kortnummeret ditt, berre dei seks første og fire siste siffera.
Ved betaling med kort blir ikkje beløpet trekt før varene sendast ut. Ved tilbakebetaling grunna retur, angrerett eller reklamasjon blir beløpet vanlegvis refundert innan 3-4 dagar og ikkje seinare enn 14 dagar.
Skular, barnehagar, bibliotek og andre offentlege instansar har høve til å handle med faktura etter avtale. Det er viktig at du då først tar kontakt med oss for å avtale kontokreditt. Du kan ta kontakt på post@handlenett.no eller på telefon 70 04 75 70.
Nynorsk kultursentrum er ansvarleg for kredittkorttransaksjonar gjort gjennom denne nettsida.
Ordre
Ved tinging får du tilsendt ei ordrestadfesting på epostadressa du registrerte.
Du kan følgje statusen på tinginga di under «ordrestatus» på di side på handlenett.no.
Kansellering
Angrar du kjøpet like etter at det er gjennomført, kan du sende ein e-post og be om at ordren blir kansellert. Så sant ordren ikkje er sendt ut, har du høve til å kansellere ordren. Er ordren sendt ut eller du angrar deg etter at varene er motteke, gjeld angreretten etter norsk lov, eller du kan nytte deg av byteretten. Les meir om retur, angrerett, byting og reklamasjon.
Atterhald
Vi jobbar med å gi så korrekte opplysingar vi kan og til ei kvar tid opplyse om riktig lagerstatus for den enkelte vara. Vi tar likevel atterhald om at vi av ulike årsakar kan gå tome for varer som ligg ute på Handlenett.no, om skrivefeil eller anna som gjer at vi ikkje kan levere i tråd med tinginga di. I så fall vil du snarleg få beskjed om dette på e-post, samt estimert leveringstid, alternative produkt eller andre opplysingar. Du får sjølvsagt høve til å respondere på e-posten og godta eller kansellere ordren i slike tilfelle.
Sjå òg informasjon om angrerett, retur og reklamasjon.