Ein lovsong til trassen

Hallvard Kjelen

kr305.00

1 på lager

SKU: 13383 Kategoriar: ,

Omtale

Ein lovsong til trassen gjev eit bilete av novelleforfattaren Laila Stien som både viser noko av det karakteristiske ved forfattarskapen og noko av breidda og mangfaldet. Medan aviskritikken har peika ut Stien som ein kvardagsskildrar, blir det her lagt vekt på at novellene viser fram karakterar i situasjonar som slett ikkje er kvardagslege. Stien skildrar snarare menneske i krisesituasjonar og i overgangssituasjonar der kvardagen krakelerer og bryt saman. Karakterane er kasta ut i spenninga mellom det dei må handtere, og det dei faktisk forstår og kan handtere. Avstanden mellom krava frå omgjevnadene, ja sjølve eksistensen, og det som er mogleg for karakterane å hanskast med, er stor. Den einaste utvegen som då står igjen for mange av dei, er protesten, resignasjonen, flukta eller trassen.  
 
Hallvard Kjelen er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Nord universitet på Nesna. Den førre boka hans, Helgeland som litterært landskap, kom ut på Orkana Akademisk i 2022.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.355 kg
Innbinding

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Ein lovsong til trassen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *