Om oss

Handlenett.no er ein del av Nynorsk kultursentrum. I nettbutikken finn du varer frå butikkane i Aasentunet, Haugesenteret og Vinjesenteret, i tillegg til eit utvida utval av nynorske bøker.

Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt.

Me har over 25 tilsette som arbeider frå Haugesenteret i Ulvik, Vinjesenteret i Vinje og Aasentunet i Ørsta, mange samarbeidspartnarar i heile landet og når om lag 100 kommunar i heile landet med arrangement og utstillingar kvart år. Våre kjerneoppgåver er forsking, samling og dokumentasjon og formidling på arenaene våre, turnear og digitalt.

Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit er kongeleg vernar for Nynorsk kultursentrum frå 2021.