Betaling og kjøpsvilkår

Når du skal handle på Handlenett.no kan du velje å registrere deg eller handle som gjest.

Registrering

Du forpliktar deg ikkje til kjøp ved å registrere deg hos oss. Vi lagrar personopplysningane trygt og ifølgje norsk lov og gir, delar eller sel dei ikkje vidare til andre. Det er viktig at du fyller inn namn, adresse og epostadresse korrekt. Feil i postadressa kan føre til at varene kjem i retur til oss. Du er sjølv ansvarleg for at kontaktinformasjonen er korrekt. Dersom leverings- og fakturaadresse skal vere ulike, vel du dette i kjøpsprosessen. Du må vere over 18 år for å handle på Handlenett.no.

Handle

Leit fram varer ved å bla i produktmenyen eller søke. Fyll handlekorga med vara/varene du ønskjer å kjøpe. Før du stadfestar kjøpet er det lurt å sjå over ordren. Oppdagar du feil i person- eller leveringsopplysingane, eller om du har kjøpt feil vare/ storleik, etter at du har stadfesta ordren, må du snarast sende oss ein e-post. Då kan vi rette det opp før utsending.

I nettbutikken kan du handle innalands til fastlandet i Noreg. Tinging og sending til Svalbard har eigne reglar for mva og fraktkostnadar. Send e-post om du ønskjer å tinge varer til Svalbard, så avtaler vi nærare om pris og levering. Vi sender normalt ikkje varer til utlandet, men ta kontakt, så avtalar vi nærare.

I kjøpsprosessen kan du velje om faktura- og leveringsadresse skal vere identiske, eller sendast ulike stadar. Dette vel du for den enkelte ordren, ikkje under brukarprofil. Valet du gjer for ein ordre, gjeld berre denne ordren. Som standard ligg det inne at adressa du har registrert i brukarprofilen både blir brukt som leverings- og fakturaadresse.

Prisar

Alle prisar er inkludert meirverdiavgift og opplyst i norske kroner (NOK).
Kostnad for frakt vil kome fram før du stadfestar ordren. Les meir om frakt under Frakt og levering.

Betaling

Sikker betaling med kort (Visa og MasterCard), Vipps eller faktura gjennom Nets Easy. I tillegg har vi elektronisk handelsfaktura (EHF) for skular, barnehagar og firma.

Vi tilbyd sikker betaling med 3-D Secure (Verified by Visa og MasterCard SecureCode) gjennom Nets Easy frå Nets. Det er eit globalt tryggingsverktøy som kontrollerer autentisiteten til kjøpar ved handel på nettet. Dei fleste kortutsendarar brukar i dag BankID, men det finst òg fleire variantar avhengig av kortutsendaren din. Det finst òg BankID på mobil, og autentisering med passord eller sms.

Alle transaksjonar går gjennom sikre sider (https) og kortopplysingane blir ikkje sendt til Handlenett.no. Handlenett.no vil ikkje ha tilgang til kortnummeret ditt, berre dei seks første og fire siste siffera.

Ved betaling med kort eller Vipps blir ikkje beløpet trekt før varene sendast ut. Ved tilbakebetaling grunna retur, angrerett eller reklamasjon blir beløpet vanlegvis refundert innan 3-4 dagar og ikkje seinare enn 14 dagar.

Vi har avtale med AfterPay/Riverty gjennom Nets Easy for betaling med faktura. Treng du informasjon om ein faktura kan du logge deg inn med BankID her.

Skular, barnehagar, bibliotek, andre offentlege instansar og firma har høve til å handle med EHF.
For å kunne betale med EHF må organisasjonsnummeret til institusjonen/firmaet vere registrert i ELMA.

Nynorsk kultursentrum er ansvarleg for kredittkorttransaksjonar gjort gjennom denne nettsida.

Ordre

Ved tinging får du tilsendt ei ordrestadfesting på epostadressa du registrerte.
Du kan følgje statusen på tinginga di under «Tingingar», inne på “Min konto”-sida, når du har logga deg inn på handlenett.no.

Kansellering

Angrar du kjøpet like etter at det er gjennomført, kan du sende ein e-post og be om at ordren blir kansellert. Så sant ordren ikkje er sendt ut, har du høve til å kansellere ordren. Er ordren sendt ut eller du angrar deg etter at varene er motteke, gjeld angreretten etter norsk lov, eller du kan nytte deg av byteretten. Les meir om retur, angrerett, byting og reklamasjon.

Atterhald

Vi jobbar med å gi så korrekte opplysingar vi kan og til ei kvar tid opplyse om riktig lagerstatus for den enkelte vara. Vi tar likevel atterhald om at vi av ulike årsakar kan gå tome for varer som ligg ute på Handlenett.no, om skrivefeil eller anna som gjer at vi ikkje kan levere i tråd med tinginga di. I så fall vil du snarleg få beskjed om dette på e-post, samt estimert leveringstid, alternative produkt eller andre opplysingar. Du får sjølvsagt høve til å respondere på e-posten og godta eller kansellere ordren i slike tilfelle.

Retur

Angrefrist

Du har 14 dagar open angrefrist på varer handla hjå oss. Du treng ikkje opplyse om grunn. Vara må vere i original emballasje og i same stand som du mottok den i. Du har høve til å levere inn dei fleste varer, med unntak av salsvarer og undertøy (Aasen-boksarane).

Send oss ein e-post der du opplyser om at du ønskjer å heve kjøpet og du vil få tilsendt angrerettsskjema på e-post. Er varene betalt, vil beløpet bli tilbakebetalt når varene er oss i hende. Du må sjølv betale returkostnaden. Les meir på Forbukerrådet sin nettstad om angre- og byterett. Last ned angrerett skjema her!

Byting

Du har høve til å byte dei fleste varer, med unntak av salsvarer og undertøy (Aasen-boksarane). Frist for å byte ei vare er 30 dagar etter at vara vart sendt frå oss. Vara må vere i original emballasje og i same stand som du mottok den i. Ta kontakt om du ønskjer å byte ei vare, så avtalar vi nærare. Ved byting av varer betalar kunde porto for retur av vara og sending av ny vare.

Reklamasjon

Vi er opptatt av kvalitet på produkta våre. Alle varer blir også sjekka før utsending. Skulle det likevel oppstå feil ved vara, avtalar vi reklamasjon. Ved skader oppstått under frakt til kunde må du fylle ut eit skjema som du får på posten. Oppdagar du ikkje skada ved henting, må du raskast muleg ta med pakken i original emballasje til postkontoret. Vi kan ikkje erstatte vare som er skada under frakt om ikkje skjema frå posten er fylt ut. Ved reklamasjon på produkt eller skade under frakt, tek du kontakt med oss for å avtale sending av ny vare. Ved reklamasjon betalar vi returporto. Ved reklamasjon må du ta kontakt med oss innan rimeleg tid, og ikkje seinare enn 7 dagar etter at skada er oppdaga.

Kontakt oss alltid før du returnerer ei vare

Anten du vil bruke angreretten på ei vare, ønskjer å byte ei vare eller reklamere, er det viktig at du tek kontakt med oss før du returnerer vara. Vi tek ikkje i mot varer sendt i postoppkrav, med mindre det er gjort særskilt avtale. Ved byting og reklamasjon, må vi ha vara i hende innan 10 dagar etter inngått avtale om byting eller reklamasjon. Vi sender ny vare straks vi har motteke returnerte vare.