Austvestpassasjen

Ingvill Kjærstein

kr429.00

1 på lager

SKU: 13785 Kategoriar: ,

Omtale

Frykt og avsky i Japan.

«Ein gong hadde eg høyrt eit kvinneskrik
i korridoren på eit love hotel. Lyden kom frå eit av romma. Ho blir drepen, hadde eg tenkt. Det var ingen tvil. Vi må redde ho, nesten ropte eg til Ayame, men ho lo berre. Hjelp er det siste ho treng, flirte ho og låste opp døra til rommet vårt. Men tanken på skriket sleppte ikkje taket, sjølv ikkje då vi låg med kvarandre.»

Ei ung kvinne arbeider som engelsklærar i Kyoto. Ho bur i ei skrøpeleg leilegheit og held seg mest for seg sjølv. Dei stadige blikka og spørsmåla ho får, minner ho på at ho ikkje høyrer heime i landet, sjølv om ho har budd der i fem år og snakkar språket godt. Ein sein januarkveld ringer det på døra, men det er ingen der. Då det skjer igjen, byrjar tankane å spinne, og tryggleiken ho har bygd opp, tek til å krakelere. Etter kvart som menneske, naturkrefter og uforklarlege fenomen forstyrrar isolasjonen hennar, får ho stadig større problem med å halde omverda på avstand.

«Austvestpassasjen» er ein roman om frykt, språk, einsemd og tiltru. Om å gje seg over til ein annan kultur og framande menneske. Om daglege trugsmål som får naturkreftene til å bleikne.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.286 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Austvestpassasjen”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *