In vitro

Isabel Zapata

kr269.00

1 på lager

SKU: 13766 Kategoriar: ,

Omtale

Etterord av Sandra Lillebø

«Eg er akvariet no. Glasmaneta er du.» 

In vitro er eit essay om ønsket om å bli mor. Boka handlar om det å skriva fram og utforska ein kropp som opnar seg og går opp i liminga for å gi rom til ein ny kropp. Det medisinske perspektivet og valden det fører med seg, vert også granska. Forfattaren utforskar togna, frykta, nålestikka og lukkespelet som fylgjer med det å bera fram ei dotter. I dette essayet prøver Zapata å finna svar på kva ein eigentleg ønskjer når ein lengtar etter å bera fram eit liv, føda eit barn og etterlata seg noko eige i det nye livet, som samstundes inneheld spor etter dei som kom før. For In vitro er òg ei utforsking av kvinneslekta, av kroppane som kom før oss og dei som prøver å lausriva seg frå oss. Kor startar ei dotter, ei mor? Kor endar dei? Endar dei?

«Isabel Zapata skriv med ein flyt som berre kan springa ut fråvisdom. Av og til kjennest det som om vi lyttar til ho tala meir enn vi les henne; det kjennest til og med som om vi kan svara ho tilbake.»
Alejandro Zambra, chilensk forfattar

«In vitro står fram som en fragmentarisk bok i sin måte å fortelle på og poetisk i sin måte å uttrykke seg på, en svært intim søken som makter å gi gjenklang hos det lesende publikum. Hun beveger seg suverent mellom det tekniske og det konfesjonelle, men slutter aldri å lete etter forankringen som lar leseren delta i opplevelsen hennes.»
Javier Temprado, kolombiansk forfatter

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.275 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Les Bones Dones

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “In vitro”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *