Forvitringar

Sylvia Molloy

kr269.00

1 på lager

SKU: 13811 Kategoriar: ,

Omtale

Forord av Pedro Carmona-Alvarez

«Korleis seier ein ‘eg’ når ein ikkje hugsar?»

Det er spørsmålet Sylvia Molloy stiller seg i denne boka som er sett saman av fleire glimrande og gripande tekstutdrag der ho undersøkjer korleis Alzheimer artar seg og utfordrar fortida og notida både til dei som lid av sjukdomen og dei som er vitne til han.

Molloy går nesten dagleg på besøk til ML, ei nær venninne og ein gamal kjærleik. Opp gjennom åra har dei knytt eit band som byrjar rakna etter kvart som Alzheimer-sjukdomen skrid fram og endrar ML litt etter litt. Dag for dag ser ho ut til å kvitta seg med små bitar av seg sjølv. Av og til gløymer ho ord, andre gonger gløymer ho andlet og namn. Medan dette skjer, skriv Molloy ned det gradvise tapet av minne med hjartevarme, vantru og sorg. Ho skriv frå ein stad der ho ynskjer å behalda venen sin og den felles historia deira, ei historie som vert delvis verjelaus når den eine parten forsvinn, og ingen er der for å justera eller nekta for versjonane Molloy fortel om den felles fortida deira. Boka er difor ikkje berre ei skildring av sjukdomen, men også ein måte å driva ut tapet på, og å utfordra det. Denne vakre boka er ein kamp mot fråværet.

«Molloy er en sånn som skriver og lever simultant; alt lekker inn i skriften uten å måtte organiseres av fiksjonell kronologi, i sceniske tablåer eller gjennom litterære karakterer. Skriften kvitter seg med staffasjen. Den skriftlige utforskningen av hukommelsen forener livsstadier, øyeblikk, mennesker og lengsler. Den skaper en skrift som er sensitiv for de små tingenes voldsomme kraft.» Pedro Carmona-Alvarez, forfatter av Chiquitita

«Forvitringar av Sylvia Molloy er en sjelden liten bok, en perle; om å minnes, om glemsel, om skrift: Fundamentale, hverdagslige spørsmål: «Korleis seier ein ‘eg’ når ein Ikkje hugsar?» Gnistrende godt oversatt av Bente Teigen Gundersen, gnistrende godt forord av Pedro Carmona Alvarez. Gnistrende leseopplevelse som jeg gjerne vil dele med dere!.» Gina Winje, Winje Agency

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.140 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Les Bones Dones

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “Forvitringar”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *