Totalt
    Vis handlekurv
    Varenummer:
    1102

    Planisfære/stjernekart

    Ingen bilete
    planisfaere/stjernekart
    Ingen bilete
    Varenamn2:
    Stjernekart for Noreg – året rundt. Finn fram på stjernehimmelen og bli kjent med stjerner og stjernebilete.
    Lager:
    På lager
    Pris NOK:
    200,-
     
    Legg i handlekorg
    Omtale:
    Det dreibare stjernekartet, planisfæren, er ideelt for dei som vil finne fram på stjernehimmelen. Det kan brukast i heile Skandinavia. På stjernekartet er det innteikna 600 synlege stjerner og om lag 200 «kikkert-objekt». Ein stiller inn kartet på riktig dato og klokkeslett, og stjernekartet viser då alle stjernene som kan vere synlege på dette tidspunktet. Så held ein opp stjernekartet over hovudet med avmerkinga «nord» peikande mot nord, og ein kan då samanlikne stjernene på himmelen med stjernekartet og finne ut kva dei heiter og kva stjernebilete dei viser. På baksida er det grundig bruksrettleiing for korleis du brukar stjernekartet. Lett å ta med seg. Stjernekartet er flatt (ca 2 mm tjukt), er 25 cm i diameter og veg 40 gram. Norsk utgåve ved Torbjørn Urke / Ivar Aasen-tunet Seljast ekslusivt i Noreg i Ivar Aasen-tunet og på Handlenett.no.
    Video:
    5
    Tips ein venn
    Del med vennane dine, eller tips via e-post
    Utskriftsvennleg
    Utskriftsvennleg
    Har du spørsmål om produktet?