88 %

Maren Uthaug

kr429.00

Levering 3-7 arbeidsdagar

SKU: 14305 Kategoriar: ,

Omtale

88 % av alle kvinner forstår at menn ikkje kan røre seg fritt iblant oss. Resten tar feil.

Matriarkatets tidsalder rår, og det er lenge sidan det fanst frittgåande menn. Mennene blir trygt forvarte i avlssenter på avsidesliggande plassar som Lolland heilt sør i Danmark og Fanasgieddi langt nord i Noreg. Problemet er berre at den kollektive forståinga av kvifor det var så viktig å sperre mennene inne, er i ferd med å gå tapt, og tryggleiken på sentera er derfor ikkje like godt ivaretatt som tidlegare.

To kvinner blir besette av å redde ut ein hann. Den eine er desperat etter å få venner, den andre vil pare seg med han. Urkvinna Inga, som har levd gjennom alle tider og i dette livet er gjenfødd som same, sansar kva som er i ferd med å skje. Ho spenner reinsdyra for sleden og reiser frå Finnmark til Lolland. Ho må stanse kvinnene, for elles kjem samfunnet igjen til å bryte saman.

88 % er eit framhald av framtidromanen 11 %, som vann den gjæve danske bokhandlarprisen De gyldne Laurbær i 2022, og som vart hylla av kritikarane også her til lands.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.413 kg
Innbinding

Aldersnivå

Vaksen

Forlag

Det Norske Samlaget

Språk

Nynorsk

Vurderingar

Ingen vurderingar enno.

Be the first to review “88 %”

Epostadressa di blir ikkje synleg. PÃ¥kravde felt er merka *